Diane de Poitiers

From Wikipedia, the free encyclopedia

Diane de Poitiers
Remove ads

Diane de Poitiers (3. september 149925. april 1566) var ei fransk adelskvinne med tittelen hertuginne av Valentinois.[1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Ho var gift med den normanniske adelsmannen Louis de Brézé, som døydde i 1531. Kort tid etter at mannen døydde blei ho elskarinna til den franske tronarvingen Henrik, seinare Henrik II. Ho var 18 år eldre enn han. Diane de Poitiers fekk stor innverknad over Henrik, og denne varte heilt til han døydde i 1559.[1] Ho heldt dei mektige stormannsslektene Montmorency og Guise i sjakk, og var så mektig ved hoffet at sjølv dronninga, Katarina av Medici, måtte bøya seg for henne.[1] Etter at Henrik II døydde blei ho forvist frå hoffet, og levde dei siste åra av livet på eit av godsa sine.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads