Dieppe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dieppemap
Remove ads

Dieppe er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime i regionen Normandie. Byen har om lag 35 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 81 419 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Byen er ein hamneby ved Den engelske kanalen, og er kjend for sine muslingar. Frå byen går det ferjesamband til Newhaven i England. Dieppe har òg ei populær grusstrand, eit slott frå 1400-talet og kyrkjene St. Jacques og St. Remy.

Dieppe høyrer til området Pays de Caux.

Remove ads

Historie

Deppae 1015-1025; Deupa, Diopa : "dyp".

Byen vart først nedteikna som ein liten fiskelansby i 1030, og byen vart kjempa om under Hundreårskrigen. På 1500-talet hadde byen ein av dei mest avanserte franske skulane innan kartografi, og på 1600-talet var hamna ei av dei flottaste i kongeriket. Etter at Ediktet i Nantes vart oppheva mista Dieppe 3 000 hugenottar, som rømde utanlands.

Dieppe var eit viktig mål i fleire krigar, og byen vart stort sett øydelagd av engelsk-nederlandsk bombardement i 1694. Byen vart bygd opp att i 1696, og vart ein populær ferieby etter hertuginna av Berry, som hadde vorte enke, vitja byen i 1824. Ho var svigerdotter til Karl X av Frankrike. Ho oppfordra til bygging av eit teater, Petit-Theatre (1825).

Diepperaidet under den andre verdskrigen vart kjend som eit blodig slag, og kosta mange menn for dei allierte. 19. august 1942 gjekk allierte soldatar, hovudsakleg kanadiske, i land ved Dieppe med håp om å okkupere byen etter kort tid, finne etteretningsinformasjon og trekke Luftwaffe ut i open kamp. Dei allierte tapte meir enn 1 400 menn, og 1 946 kanadiske soldatar vart fanga utan at nokre av måla vart oppnådd.

Dieppe i Canada (tidlegare Léger Corner) fekk det noverande namnet sitt i 1946 for å ære dei kanadiske soldatane som fall i Diepperaidet.

Thumb
Dieppe
Remove ads

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads