Differensialdiagnose

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ein differensialdiagnose (stundom forkorta DDx, ddx, DD, D/Dx eller ΔΔ) er ein systematisk diagnostisk metode som vert nytta for å identifisere nærværet av ei spesifikk eining der fleire alternativ er moglege.[1][2] Prosessen kan omtalast som differensialdiagnostikk.[3]

Metoden er ein eliminasjonsprosess, eller i det minste ein informasjonssamlande prosess som snevrar inn aktuelle moglegheitar ved å bruke ulike prov, som til dømes symptom, anamnese og medisinsk kunnskap for å justere epistemiske fortrulegskapar i tankane til legen.[3]

Differensialdiagnosar vert nytta av legar og anna helsepersonell for å diagnostisere spesifikke sjukdommar i ein pasient, eller for å eliminere beinveges livstrugande tilstandar. Ofte vert kvart av alternativa i ein sjukdom kalla for ein differensialdiagnose: bronkitt kan vere ein differensialdiagnose ved evaluasjonen av hoste, som endar opp med den endelege diagnosen, nemleg forkjøling.

Differensialdiagnosar kan reknast for å inkludere den hypotetisk-deduktive metoden, sidan legen kan rekne potensielle sjukdommar eller tilstandar for å vere sanne eller usanne hypotesar.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads