Dika Mem

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dika Mem
Remove ads

Dika Mem (fødd 31. august 1997) er ein fransk handballspelar som har gjort teneste i FC Barcelona sidan 2016. Han er verdsmeister 2017, olympisk meister 2021 og europameister 2024 med Frankrike sitt landslag. Mem, som er høgre rykkromspelar, har vunne EHF-meisterligaen 2021, 2022 og 2024 for FC Barcelona.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Klubbspel

Sesongen 2015/16 spelte Mem på Tremblay sitt lag i fransk toppdivisjon. Deretter skreiv han kontrakt med det spanske meisterlaget FC Barcelona. Med dette mannskapet vart han kvar einaste sesong spansk seriemeister og nasjonal cupmeister. Mem skåra to av måla då Barcelona valsa over danske Aalborg HB i meisterliga-finalen 2021. Eitt år seinare enda meisterliga-finalen mellom Barcelona og polske KS Kielce likt, etter ekstraomgangar. Kampen vart avgjort til Barcelona sin fordel med straffekast. Mem skåra seks av måla i kampen. Han skåra sju av måla då Barcelona i 2024 enno ein gong gjekk til topps i meisterligaen.

Landslagsspel

Mem har sidan 2016 sanka ei rad medaljar med Frankrike sitt landslag. Etter bronse i EM 2016, vart det gullmedalje under verdsmeisterskapen 2017. Sidan fekk han bronse i VM 2019 og gull under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021. Åra 2023-25 var han med på å vinne sølv i VM 2023, gull i EM 2024 og bronse i VM 2025.

Merittar

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2024 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2016 med Frankrike
  • VM-bronse:2019, 2025 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2021, 2022 og 2024 for FC Barcelona
  • Spansk serievinnar: 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 for FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022, 2023, 2024 for FC Barcelona
  • Finalist i EHF-meisterligaen: 2020 for FC Barcelona
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads