Dina Boluarte

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dina Boluarte
Remove ads

Dina Ercilia Boluarte Zegarra (fødd 31. mai 1962) er ein peruansk advokat og politikar som blei president i Peru den 7. desember 2022. Boluarte er den fyrste kvinnelege presidenten i Peru. Ho tiltredde etter eit mislykka kuppforsøk av tidlegare president Pedro Castillo.[1]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Boluarte blei fødd 31. mai 1962 i byen Chalhuanca i den peruanske regionen Apurímac. Som lita jente flytta ho med foreldra til hovudstaden Lima. Seinare studerte ho rettsvitskap ved Universidad de San Martín de Porres, og arbeidde som advokat.[2][3][4]

Ho budde i nokre år i Mexico, fram til ho i 2007 blei avdelingsleiar ved det peruanske folkeregisteret RENIEC (Registro Nacional de Identificación y Estado Civil).

Thumb
Eidsavlegging som visepresident.

Politikar

I 2018 stilte ho som kandidat for partiet Perú Libertario (seinare kalla Perú Libre) ved borgarmeistervalet i Surquillo, men blei ikkje vald. Vel to år etter stilte ho med presidentkandidat Pedro Castillo som hans visepresidentkandidat. Dei vann, og den 29. juli 2021 tiltredde ho som visepresident.[2] Same dag gjorde Castillo henne dessutan til minister for utvikling og sosial inkludering i regjeringa si.[5]

I januar 2022 uttalte Boluarte i eit intervju med avisa La República at ho aldri hadde omfamna ideologien til Perú Libre. Generalsekretæren i partiet, Vladimir Cerrón, ekskluderte seinare Boluarte frå partiet[6] og skreiv på Twitter: «Alltid lojale, aldri forrædarar».

25. november 2022 trekte ho seg som minister for utvikling og sosial inkludering, men heldt fram med å vere visepresident.[7]

President

I desember 2022 prøvde president Pedro Castillo å oppløysa parlamentet i Peru, og byrja å styra ved dekret.[1] Dette enda med at Castello blei avsett og arrestert, og det blei vedteke at Castillo skulle stillast for riksrett for kuppforsøk.

Dina Boluarte tiltredde då i stillinga som Perus president etter hendinga,[1] og er den første kvinnelege presidenten i landet.[8] I 2024 hadde Boluarte rekordlåg støtte frå berre 5 % av befolkninga, den lågaste oppsluttinga i historia til Peru.[9]

I den fyrste talen sin til parlamentet oppmoda ho om «nasjonalt samhald»,[1] og fordømde handlingane til Castillo.[10]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads