Ding Dong
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ding Dong» er ein song av Dana International frå 2011. Songen er skriven av Dana International.
- For debutalbumet til Krista Siegfrids, sjå Ding Dong!.
Remove ads
Eurovision
Kdam Eurovision 2011
«Ding Dong» deltok i Kdam Eurovision 2011, den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen vart framført på hebraisk og engelsk av Dana International, og vann med 270 poeng.
Eurovision Song Contest 2011
Etter sigeren i Kdam Eurovision 2011 fekk «Ding Dong» representere Israel i Eurovision Song Contest 2011. I den andre semifinalen vart songen framført på hebraisk og engelsk av Dana International, og enda på 15. plass med 38 poeng; sju frå Makedonia og Frankrike, seks frå Kviterussland, fem frå Nederland og Sverige, fire frå Romania, to frå Belgia og eitt frå Kypros og Italia. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 51 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 16. plass med 36 poeng.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads