Israel i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Israel i Eurovision Song Contest

Israel debuterte i Eurovision Song Contest i 1973 og har delteke 44 gongar. Israel har vunne Eurovision Song Contest fire gongar: i 1978, 1979, 1998 og 2018. I tillegg har Israel to andreplassar og ein tredjeplass i tevlinga. Israel har aldri hamna på sisteplass i Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 11 av 18 høve.[1] Israel har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: i Jerusalem i 1979 og 1999 og i Tel Aviv i 2019.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Israel
Thumb
OffisieltIsrael

IBA (19732017)
KAN (2017–)
Uttakingar
Deltaking
Debutår1973
Deltakingar44
Beste resultat
Semifinalen1 (2018)
Finalen1 (1978, 1979, 1998 og 2018)
Verste resultat
Semifinalen24 (2007)
Finalen24 (1993)
Poeng
Semifinalane1 588
Finalane3 435
Totalt5 023
Lukk

Sjølv om Israel ligg i Asia, kan Israel deltake i Eurovision Song Contest. Årsaka er at den israelske kringkastaren KAN er eit fullverdig medlem av EBU, og at Israel ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet, som er dei to hovudkrava for å kunne deltake i tevlinga.[2][3][4]

Historikk

Israel har historiske og kulturelle tette band til Europa, og landet har vore ein ivrig og trufast deltakar i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1973. Sjølv om Israel ikkje ligg i Europa, har landet delteke i og med at kringkastarane IBA og KAN er medlemmar i Den europeiske kringkastingsunionen. Israel ligg også innanfor det geografiske definerte europeiske kringkastingsområdet, og landet oppfyller dimed krava som stillast for å deltake i tevlinga. Fleire andre ikkje-europeiske land har også delteke; Marokko deltok i 1980, og Libanon hadde konkrete planar om å deltake i 2005. Dessutan kan land som Irak, Egypt, Jordan og Syria deltake i Eurovision Song Contest, sidan dei også ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet.[2][3]

Ny kringkastar

Fram til og med 2017 var det den israelske allmennkringkastaren IBA som plukka ut dei israelske bidraga, og som sende Eurovision Song Contest i Israel. Dagen etter tevlinga i 2017 vart IBA lagd ned, og Israel si framtidige deltaking var lenge uavklara. Då den israelske poengopplesaren Ofer Nachshon skulle lese opp dei israelske jurypoenga i 2017, opna han med å takke for 44 år i Eurovision Song Contest og tok deretter farvel med Israel si deltaking i tevlinga.[5]

Den noverande kringkastaren, KAN, starta sendingar i mai 2017. KAN vart eit fullverdig medlem av EBU fyrst i desember 2018[6], og kringkasteren hadde i utgangspunktet difor ikkje rett til å deltake i Eurovision Song Contest i 2018. Men sommaren 2017 signerte KAN og EBU ei avtale som sikra Israel deltaking i Eurovision Song Contest i 2018 - ei tevling Israel vann.[7]

Starten

Israel debuterte i Eurovision Song Contest i Luxembourg i 1973. Det israelske bidraget, «Ey sham», enda på ein fjerdeplass, og dei neste åra enda Israel midt på resultatlista. Den fyste sigeren til Israel kom allereie i 1978 med discolåten «A-ba-ni-bi», og på heimebane året etter, vann Israel igjen med evergreenen «Hallelujah». Den israelske vinnarsongen vart ein stor hit over heile Europa og låg på topp på VG-lista i elleve veker. Denne songen er framleis den største Eurovision-hiten i Noreg gjennom tidene.[8][9]

Den beste perioden til Israel var i åra 1978-1985, med to sigrar, to andreplassar og ein femteplass. Israel var nær ved å vinne igjen i 1991 og fekk ein sjetteplass i 1992. Israel vann for tredje gong i 1998 med Dana International og songen «Diva», det året der telefonavrøysting vart innført for alle land. Etter tusenårsskiftet har Israel hatt varierande resultat. Landet fekk ein fjerdeplass i 2005 og to niandeplassar i 2008 og 2015, men i 2018 lykkast Israel å vinne sin fjerde siger i tevlinga med Netta og songen «Toy». Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Israel kvalifisert seg til finalen ved 10 av 16 høve – og sidan 2015 har Israel kvalifisert seg til finalen kvart år.[1]

Fråvær

Israel har delteke 44 gongar sidan debuten i 1973 og har stått utanfor tevlinga ved fem anledningar. I 1980 bad Israel om at eit anna land skulle arrangere Eurovision Song Contest, sidan det ville verte for dyrt for den israelske kringkastaren IBA å arrangere to finalar på rad. Etter mykje om og men tok Nederland på seg arrangørjobben.[10] Men finalen i 1980 vart lagt til same dag som jom hazikaron, den israelske minnedagen over falne israelske soldatar. Dimed trekte Israel seg frå tevlinga for fyrste gong. Det same gjentok seg i 1984, og også då trekte Israel seg frå tevlinga.[11]

Også i 1994, 1996 og 1997 var Israel fråverande frå Eurovision Song Contest. Fråværet i 1994 skuldast den dårlege plasseringa til Israel året før, medan fråværet i 1996 kom av at det israelske bidraget ikkje kvalifiserte seg frå førehandskvalifiseringa til EBB. I 1997 falt Eurovision Song Contest på same dag som jom hasjoá, den israelske og jødiske minnedagen over holocaust. Israel stod dimed over tevlinga, men har deltek kvart år sidan.

Dei israelske bidraga har stort sett alltid vorte framført på hebraisk, men etter opphevinga av språkregelen i 1999 har dei israelske bidraga som regel vorte framført på både hebraisk og engelsk. I 2009 hadde Israel for fyrste gong eit bidrag med arabisk i seg, då den jødisk-arabiske duoen Noa og Mira Awad song songen «There Must Be Another Way» på hebraisk, engelsk og arabisk.[12] I 2015 var det fyrste gongen Israel ikkje song på hebraisk, sidan bidraget «Golden Boy» vart framført fullt ut på engelsk. Sidan har alle dei israelske bidraga for det meste vorte framført på engelsk.

Arabiske reaksjonar

Den israelske deltakinga har vore gjenstand for fleire kontroversar på grunn av rolla til Israel i Midtausten-konflikta. Særleg har dei arabiske landa vore kritiske og negative til at Israel får deltake i Eurovision Song Contest. Allereie ved debuten i 1973 sørga den israelske deltakinga for det største sikkerheitsoppbodet i tevlinga til da. Rykta sa også at den israelske deltakaren, Ilanit, opptredde med ein skotsikker vest under kjolen, noko Ilanit har tilbakevist i ettertid.[13][14]

I 1978 sende fleire arabiske land tevlinga på fjernsyn. Då det israelske bidraget vart framført, viste den jordanske kringkastaren i staden eit bilete av blomar. Då det vart klart at Israel ville vinne tevlinga, avbraut jordansk tv heile sendinga under påskot av at dei hadde tekniske problem. Dagen etter erklærte den jordanske tv-kanalen at andreplassen Belgia hadde vunne.[15]

I 1979 arrangerte Israel finalen i Jerusalem, og Tyrkia skulle deltake med songen «Seviyorum». Etter sterkt press frå sine arabiske allierte, valde Tyrkia til slutt å trekkje seg frå tevlinga kort tid før finalen.[16][17]

Den israelske deltakinga har også gjort at fleire arabiske land har nekta å deltake i Eurovision Song Contest. Då Israel var fråverande i 1980, valde Marokko å deltake, men landet har ikkje delteke sidan. I 2005 skulle også Libanon deltake for fyrste gong. Libanesisk lovgjeving forbyr derimot media å kringkaste program med israelsk innhald. Dette gjorde at den libanesiske kringkastaren ikkje kunne vise det israelske bidraget eller opprette eit telefonnummer der tv-sjåarane kunne ringe inn og røyste på Israel. Til slutt måtte Libanon trekkje seg frå tevlinga, og landet har ikkje gjort noko forsøk på å deltake sidan.[18]

Bidraga

Meir informasjon År, Artist ...
ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1973Ilanit«Ey sham»Hebraisk974
1974Kaveret«Natati la khayay»Hebraisk117
1975Shlomo Artzi«At va'ani»Hebraisk4011
1976Shokolad, Menta, Mastik«Emor shalom»Hebraisk776
1977Ilanit«Ahava hi shir lishnayim»Hebraisk4911
1978Izhar Cohen og Alphabeta«A-ba-ni-bi»Hebraisk1571
1979Gali Atari og Milk and Honey«Hallelujah»Hebraisk1251
1980Ha'achim ve ha'achayot«Pizmon chozer»HebraiskTrekt
1981Hakol Over Habibi«Halayla»Hebraisk567
1982Avi Toledano«Hora»Hebraisk1002
1983Ofra Haza«Khay»Hebraisk1362
1984Ilanit«Balalaika»HebraiskTrekt
1985Izhar Cohen«Olé, Olé»Hebraisk935
1986Moti Giladi og Sarai Tzuriel«Yavo yom»Hebraisk719
1987Lazy Bums«Shir habatlanim»Hebraisk738
1988Yardena Arazi«Ben adam»Hebraisk857
1989Gili og Galit«Derekh hamelekh»Hebraisk5012
1990Rita«Shara barkhovot»Hebraisk1618
1991Duo Datz«Kan»Hebraisk1393
1992Dafna Dekel«Ze rak sport»Hebraisk856
1993Sarah'le Sharon og gruppa Shiru«Shiru»Hebraisk og engelsk424
1995Liora«Amen»Hebraisk818
1996Galit Bell«Shalom olam»HebraiskIkkje kvalifisert1228
1998Dana International«Diva»Hebraisk1721
1999Eden«Yom Huledet (Happy Birthday)»Hebraisk og engelsk935
2000PingPong«Sameach»Hebraisk og engelsk722
2001Tal Sondak«En davar»Hebraisk og engelsk2516
2002Sarit Hadad«Nadlik beyakhad ner (Light a Candle)»Hebraisk og engelsk3712
2003Lior Narkis«Words for Love»Hebraisk, engelsk, fransk,
gresk og spansk
1719
2004David D'Or«Leha'amin»Hebraisk og engelskIkkje kvalifisert5712
2005Shiri Maimon«Hasheket shenish'ar»Hebraisk og engelsk15441587
2006Eddie Butler«Together We Are One»Hebraisk og engelsk423Topp 10 året før
2007Teapacks«Push the Button»Hebraisk, engelsk og franskIkkje kvalifisert1724
2008Bo'az Ma'uda«The Fire In Your Eyes»Hebraisk og engelsk12491045
2009Noa og Mira Awad«There Must Be Another Way»Hebraisk, arabisk og engelsk5315757
2010Harel Skaat«Milim»Hebraisk7114718
2011Dana International«Ding Dong»Hebraisk og engelskIkkje kvalifisert3815
2012Izabo«Time»Hebraisk og engelsk3313
2013Moran Mazor«Rak bishvilo»Hebraisk4014
2014Mei Finegold«Same Heart»Hebraisk og engelsk1914
2015Nadav Guedj«Golden Boy»Engelsk9791513
2016Hovi Star«Made of Stars»Engelsk135141477
2017IMRI«I Feel Alive»Engelsk39232073
2018Netta Barzilai«Toy»Engelsk og hebraisk52912831
2019Kobi Marimi«Home»Engelsk3523Vertsnasjon
2020Eden Alene«Feker Libi»Hebraisk, engelsk, arabisk og amhariskTevling avlyst
2021Eden Alene«Set Me Free»Engelsk og hebraisk93171925
2022Michael Ben David«I.M»EngelskIkkje kvalifisert6113
2023Noa Kirel«Unicorn»Engelsk og hebraisk36231273
2024Eden Golan
Lukk

Røystehistorikk (1973-2021)

Finalane

Meir informasjon Nr., Land ...
Israel har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Sverige171
2 Frankrike159
3 Storbritannia155
4 Russland134
5 Spania125
Israel har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Frankrike205
2 Finland160
3 Sveits145
4 Tyskland141
5 Nederland138
Lukk

Galleri

Eurovision Song Contest i Israel

Meir informasjon År, Stad ...
År Stad Arena Programleiarar
1979 Jerusalem International Convention Center Yardena Arazi og Daniel Pe'er
1999 Dafna Dekel, Sigal Shachamon og Yigal Ravid
2019 Tel Aviv Expo Tel Aviv Bar Refaeli, Erez Tal, Assi Azar og Lucy Ayoub
Lukk

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.