Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

From Wikipedia, the free encyclopedia

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Remove ads

Direktoratet for samfunnstryggkeik og beredskap (DSB) er eit statleg forvaltingsorgan som ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Det vart oppretta 1. september 2003. Direktoratet sitt føremål er å bidra til å hindra tap av liv og verna om helse, miljø, viktige samfunnsfunksjonar og materielle verdiar i samband med ulukker, katastrofar og andre uønskte hendingar i fred, krise og krig. Sivilforsvaret ligg under DSB.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads
Remove ads

Oppgåver

Direktoratet har oppgåver i samband med førebyggjande arbeid, krisehandtering, utgreiingar og analysar, sivilt-militært samarbeid, øvingar og evaluering og tilsyn.

Direktoratet er leia av ein direktør, for tida (2005) Jon A. Lea, som har åtte einingar/avdelingar under seg. Desse er:

  • Utgreiing og nasjonal beredskap
  • Brann, redning og sivilforsvar
  • Førebygging og eltryggleik
  • Næringsliv, produkt og farlege stoff
  • Informasjon og samfunnskontakt
  • HR/Personal
  • Administrasjon
  • Stab

Hovudkontoret til Direktoratet ligg i Tønsberg (frå januar 2005). Direktoratet rår over 20 sivilforsvarsdistrikt, fem sivilforsvarsleirar, fem skular og fem regionkontor for el-tilsyn. DSB har rundt 670 tilsette, av desse er om lag 240 ved hovudkontoret i Tønsberg.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads