Dirty Old Town

song by Ewan MacColl From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Dirty Old Town» er ein song skriven av Ewan MacColl i 1949 og gjort populær av The Dubliners. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Songen vart skriven om Salford i Lancashire i England, byen der MacColl vart fødd og voks opp. Han vart opphavleg skriven for eit mellomspel som skulle dekkje eit scenebyte i skodespelet hans Landscape with Chimneys i 1949, sett til ein industriby i Nord-England.[1]

The Dubliners

Meir informasjon Liste (1968), Plassering ...

Andre versjonar

Kjende utgåver av songen er spelt inn av:

  • Den første offentlege framføringa kan ha vore i skodespelet «Landscape with Chimneys», skriven for Theatre Workshop og produsert av Joan Littlewood i 1951
  • Den første innspelinga av McColl sjølv, «Dirty Old Town / Sheffield Apprentice», TRC 56 / 1952
  • B-sida av «Hard Case / Dirty Old Town», med vokal av McColl og Peggy Seeger, Alan Lomax and the Ramblers, Decca F 10787 (singel, UK, 1956)
  • Visesongaren Jackie Washington i 1962 på albumet hans Jackie Washington[4]
  • Esther & Abi Ofarim spelte inn songen i 1963 for albumet deira «Lieder und songs». Dei spelte òg inn versjonar på fransk og tysk, i lag med ein nymiksa versjon for USA.[5]
  • Chad & Jeremy i 1964 på albumet deira Yesterdy's Gone
  • Rod Stewart i 1969 på albumet hans An Old Raincoat Won't Ever Let You Down
  • Roger Whittaker i 1977 på albumet hans Live In Canada[6]
  • The Pogues i 1985 på det andre albumet deira, Rum, Sodomy and the Lash og vart seinare nytta i den siste episoden av Rescue Me.
  • The Mountain Goats i 2002 på EP-en Devil in the Shortwave.
  • Johnny Logan spelte inn songen på albumet sitt The Irish Connection (2007).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads