Distriktet Ammókhostos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Distriktet Ammókhostos[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg aust på øya Kypros og har eit areal på 1 979 kvadratkilometer.[3]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har størstedelen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Gazimağusa og İskele, utanom landsbyen Afánia, som er overført til distriktet Lefkoşa.[4]
Remove ads
Folketal
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
Administrasjon
Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Ktorídis.[11]
Kommunar og busetnader
Distriktet har åtte kommunar, av desse ligg fire i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[12] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[10]
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
- Ammókhostos (Gazimağusa) (40 920)
- Lýsi (Akdoğan) (2 471)
- Akanthoú (Tatlısu) (1 459)
- Levkóniko (Geçitkale) (1 253)
Utanom kommunane har Ammókhostos 80 registrerte busetnader, av desse ligg alle utanom fem heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[13] Dei busetnadene som er heilt under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[10]
Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider:[9][4]
- Akherítou (Güvercinlik) (Republikken Kypros 1 901 (2021), Nord-Kypros 911 (2011))
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
|
|
|
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads