Republikken Kypros

From Wikipedia, the free encyclopedia

Republikken Kypros
Remove ads

Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.

Det er føreslått at denne sida blir flytta til Kypros. (Sjå eventuelt diskusjon)
Kjappe fakta Κυπριακή ΔημοκρατίαKıbrıs Cumhuriyeti Republic of Cyprus (norsk: Kypros, kypriotisk) ...
Remove ads

Geografi

For meir om dette emnet, sjå Kypriotisk geografi.

Republikken Kypros utgjer dei sørlege to tredjedelane av øya Kypros. Landskapet i republikken består hovudsakleg av to område: Tróodosfjella i vest og sletta Mesaoría i aust. I Troodos ligg fjellet Ólymbos, som er det høgaste fjellet på øya med ei høgd på 1 952 meter. Den delte hovudstaden Levkosía ligg om lag midt på Mesaoríasletta.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads