Distriktet Lárnaka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Distriktet Lárnaka
Remove ads

Distriktet Lárnaka[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på den søraustlege delen av øya Kypros og har eit areal på 1 129 kvadratkilometer.[3]

Kjappe fakta Land, Areal ...

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har litt av den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld dei tre landsbyane Ársos, Meloúsia og Tremetousiá i distriktet Lefkoşa og landsbyen Pérgamos i distriktet Gazimağusa.[4] Dei tre landsbyane Athiénou, Pýla og Troúlli ligg i FNs buffersone på Kypros.

Dei to landsbyane Ormídia og Xylotýmvou, som høyrer til distriktet, ligg som enklavar innanfor det britiske baseområdet Dekélia.

Remove ads

Folketal

Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):

Meir informasjon År, Folketal ...

Administrasjon

Distriktsadministrasjonen i byen Lárnaka representerer den kypriotiske staten i distriktet. Leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Oddyséas Hadzistefánou.[11]

Kommunar og busetnader

Distriktet har desse kommunane (innbyggjartal 2021 i parentes):[10]

Utanom kommunane har Lárnaka 52 registrerte busetnader, av desse ligg tre heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[12] Dei største av dei busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[10]

  • Tersefánou (1 760)
  • Alethrikó (1 652)
  • Kaló Khorió (1 534)
  • Mosfilotí (1 470)
  • Kofínou (1 306)
  • Psevdás (1 289)
  • Anglisídes (1 253)
  • Troúlli (1 181)
  • Mazotós (1 148)
  • Kalavasós (880)
  • Pyrgá (870)
  • Anafotída (818)
  • Khirokitía (761)
  • Maróni (740)
  • Ájos Theódoros (727)
  • Zýgi (667)




Busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]

Ein busetnad har innbyggjarar på båe sider:[4][9]

Merknader

  1. gresk Επαρχία Λάρνακας, Eparkhía Lárnakas, tyrkisk Larnaka kazası

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads