Distriktet Levkosía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Distriktet Levkosía[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[3]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke.[4][5] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.
Remove ads
Folketal
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
Administrasjon
Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[12]
Kommunar og busetnader
Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[13] medan to har innbyggjarar på båe sider.[4][10] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]:
- Aglandziá (21 544)
- Dáli (12 350)
- Éngomi (20 504)
- Jéri (9 706)
- Lakatámia (43 111)
- Latsiá (18 587)
- Stróvolos (70 823)
- Tséri (8 304)
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
- Mórfou (Güzelyurt) (7 465)
- Kythréa (Değirmenlik) (3 284)
Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[4][10]
- Levkosia (Lefkoşa, Nikosia) (Republikken Kypros 56 479 (2021), Nord-Kypros 37 115 (2011))
- Ájos Dométios (Aydemet) (Republikken Kypros 12 906 (2021), Nord-Kypros 2 314 (2011))
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[14] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):[11]
|
|
|
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
|
|
|
To busetnader hadde innbyggjarar på båe sider i 2011, men er ikkje registrerte separat i folketeljinga i Republikken Kypros i 2021:[4][10][11]
- Páno Zódia (Yukarı Bostancı) (Republikken Kypros 15, Nord-Kypros 1 495)
- Louroukína (Akıncılar) (Republikken Kypros 11, Nord-Kypros 390)
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Remove ads
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads