Divan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Divan (frå tyrkisk divan, opphavleg frå persisk devan) er ein sofa ein kan liggja på. Han skil seg ut frå andre sofaar ved å ikkje ha ryggstø eller armlene.[1] Ein divan er ofte dekt av teppe og/eller store puter og er gjerne plassert i opphaldsrom. Ein utslegen sovesofa kan ha form som ein divan.


Uttrykket og sofaane kom til Europa i romantikken, om lag mellom 1820 og 1850. Uttrykket kjem frå Det osmanske riket. Riksrådet deira vart kalla «divan», og i møterommet deira var det sofaar langs veggene. Ein liknande møbel med sams opphav er ottomanen.
Remove ads
Galleri
- Mustafa Aga, osmansk sendebod til det svenske hoffet, på ein divan. Måleri av Georg Engelhard Schröder frå ca. 1727-1732.
- Jeune fille au divan (1893) av Berthe Morisot.
- Divan (1905) av Vlaho Bukovac (Biagio Faggioni).
- Interior cu divan albastru (1942) av Gheorghe Petrașcu.
- Frå skodespelet Sangre en el Diván frå 2015.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads