Dixieland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dixieland er ei musikkform som blir rekna som den fyrste forma for jazz-musikk. Musikkforma utvikla seg i Dixie-området, særleg rundt New Orleans i tida 1900-1910, og spreidde seg til Chicago og New York 1910-1915. Medan eit blåseinstrument spelar melodiane meir eller mindre rett fram, improviserer dei andre. «Kompet» sørgar for stødig rytme og akkordunderlag. Forma inneber eit hovudtema på trompet, etterfølgd av samtidig improvisasjon over temaet frå resten av orkesteret. Kjende melodiar spelte som dixieland var «Muskat ramble», «Basin street blues» og «When the saints go marching in».
Omgrepet «dixieland» blei vanleg etter at Original Dixieland Jass Band spelte inn den fyrste jazzplata i 1917,[1] og fekk mykje suksess med over ein million eksemplar selde. Gruppene til Louis Armstrong (som Hot Five og Hot Seven) blei òg kjende og i 1920- og 1930-åra, og referert til som dixieland-orkester. Dixieland som pop-fenomen avtok etterkvart som swing-jazzen blei populær i 1930-åra. Omgrepet «trad jazz» blir brukt om seinare speling av dixieland, såkalla «revivals» , som fann stad t.d. innanfor den britiske jazzen på 1950-talet. Ein finn òg «dixie-bop» eller «progressiv dixieland», som freistar å sameina dixieland med andre jazz-former, m.a. bebop.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
