Django Reinhardt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jean «Django» Reinhardt (fødd 23. januar 1910 i Liberchies i Belgia, død 16. mai 1953 i Samois-sur-Seine ved Paris) var ein fransk jazzgitarist, komponist og orkesterleiar. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av den europeiske jazzen og er «ein av dei mest virtuose og stilskapande gitaristane i jazzen».[1]
Remove ads
Django Reinhardt var son av manouchar[2] (franskspråklege sinti) og voks opp i ein sigøynarleir utanfor Paris. Han lærte tidleg å spele fiolin, banjo og til slutt gitar, og tok allereie i tolvårsaleren fatt på karrieren som profesjonell musikar, i lag med akkordeonisten Guérino.
2. november 1928 brann husvogna Django Reinhardt budde i ned etter at han kom i skade for å velte eit lys. I tillegg til at han fekk stygge forbrenningar på kroppen blei det høgre beinet mellombels lamma og den venstre handa sterkt forbrend. Under den eit og eit halv år lange rehabiliteringstida lærte han seg ein heilt ny og svært virtuos speleteknikk på gitaren der berre peike- og langfingeren på venstre hand var i bruk. For akkordspel kunne han i noko begrensa grad bruke ring- og lillefingeren og han gjorde mykje bruk av tommelen.
Reinhardt utvikla ein ny jazz-stil som seinare er blitt ein levande romfolk-tradisjon. Saman med Stéphane Grappelli danna han Quintette du Hot Club de France som kritikaren Thom Jurek beteikna som «ei av dei mest originale gruppene i den innspelte jazzen si historie.»[3] Dei mest populære komposisjonane til Reinhardt er blitt standardlåtar i jazzen, til dømes «Minor Swing», «Daphne», «Belleville», «Djangology», «Swing '42» og «Nuages».
Remove ads
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads