Djoser

From Wikipedia, the free encyclopedia

Djoser
Remove ads

Netjerikhet eller Djoser er den mest kjende faraoen i Det tredje dynastiet i Egypt. Han gav funksjonæren sin Imhotep ordre om å byggje den første av pyramidane, ein stegpyramide i Saqqara. Namnet hans vert òg skrive Zoser, Dzoser, Zozer, Dsr, Djeser, Djésèr, Horus-Netjerikhet og Horus-Netjerichet.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Dateringa av regjeringsperiodane i det gamle kongedømet har vorte mykje omdiskutert, men det tredje dynastiet er som regel plassert på 2600-talet fvt. og regjeringstida til Djoser vert sett til om lag 2635 til 2610 fvt.

Den måla kalksteinsstatuen av Djoser, som i dag står på Egyptisk Museum i Kairo, er den eldste kjende statuen i lekamsstorleik i Egypt. Statuen vart grave fram i 1924-1925.

I inskripsjonar frå tida han levde vert han kalla Netjerikhet, som tyder «lekamen til gudane».

Thumb
Statue av Djoser på Egyptisk Museum i Kairo.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads