Dmitrij Sokolov

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Dmitrij Petrovitsj Sokolov [1] (20. mai 19244. juli 2009) var ein skiskyttar, leirdueskyttar og skytetrenar frå Fadjusjino i Kurgan oblast i dåverande Sovjetunionen, seinare Russland.

Kjappe fakta

Sokolov var mellom pionerane då skiskyting vart ein internasjonal idrett. Han vart nummer ni på 20 km, den einaste VM-øvinga fram til 1964, då den fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting vart avvikla i Saalfelden i Austerrike i 1958. Året etter tok han i italienske Courmayeur sølvmedaljen på 20 km, med tida 1.41.15 kom han i mål ti sekundar etter landsmannen Vladimir Melanjin.

Både under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley og VM i skiskyting 1961 i Umeå, enda Sokolov på sjetteplassen. Han vart sovjetisk meister i skiskyting både i 1958 og 1961.

Frå 1963 deltok han i leirdueskyting.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads