Do It Again av The Beach Boys

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Do It Again» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart først gjeven ut som singel av The Beach Boys i 1968Capitol Records. Songen vart spelt inn i mai og juni 1968 og kom òg på albumet 20/20 i 1969. På songen finst det nokre lydar på slutten av sporet som kom frå det skrinlagde Smile-prosjektet. B-sida til singel var «Wake the World». Songen vart produsert av Brian og Carl Wilson med Mike Love på solovokal.

Meir informasjon The Beach Boys-kronologi ...
Remove ads

Komposisjonen

Teksten til songen, som opphavleg heitte «Rendezvous», var inspirert av ein dag Mike Love hadde vore på stranda og surfa med den gamle venen Bill Jackson.[1] Love viste så teksten til Brian Wilson, som skreiv musikken til den nostalgiske teksten til Love. Brian Wilson har seinare sagt at han meiner dette var det beste samarbeidet dei nokon gong gjorde.[1]

Mange kritikarar og tilhengjarar merka seg at bandet her gjekk tilbake til surfestilen, som bandet hadde unngått sidan 1964.

Remove ads

Innspeling

Etter seks veker med lite arbeid i studio (sidan bandet var opptekne med ein turne) gjekk bandet tilbake i studio 26. mai 1968 og starta innspelinga av «Do It Again» i heimestudioet til Brian i Bel Air i California. Innspelinga var produsert av Brian og Carl. Etter å ha lagt ned akkompagnementet la dei på vokal, gitar og orgel, samt ein ny gitarsolo. Fleire instrument vart lagt på den 6. og 10. juni.

Under miksinga av albumet kom visstnok lydteknikaren Stephen Desper fram til trommeeffekten ein kan høyre i starten av songen. Mange meiner at denne lyden var medverkande til at singelen vart ein suksess.

Remove ads

Singelen

Singelen kom ut med «Wake The World» som B-side i USA den 8. juli 1968. Singelutgåva er litt forskjellig frå albumutgåva og har ikkje lydane frå Smile i slutten. Singelen nådde listene 28. juli og gjekk opp til 20. plass. Dette var den siste Topp 20-plasseringa til bandet i USA før «Rock and Roll Music» i 1976, som nådde 5. plass.

I august 1968 kom singelen ut i Europa og vart den andre førsteplassen bandet oppnådde i Storbritannia. I Australia vart singelen den første bandet oppnådde førsteplassen med. I Tyskland gjekk singelen til fjerdeplass. I Nederland og Noreg stoppa singelen på femteplass.

Det vart laga ein promofilm av Peter Clifton for singelen. Filmen syner bandet som køyrer i ein varebil ned til stranda og surfar.

Salslister

Meir informasjon Liste (1968), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads