Dolphin

Filutforskar From Wikipedia, the free encyclopedia

Dolphin
Remove ads

Dolphin er filutforskaren til KDE, laga med brukarvenlegheit som hovudfokus.[2]

Kjappe fakta Utviklar, Utgjeve ...

Under tidlegare versjonar av KDE var Konqueror standard filutforskar og nettlesar, men etter at Konqueror vart for komplisert til å vere standard filutforskar vart filutforkarfunksjonaliteten skilt ut av Konqueror og tilført Dolphin. Konqueror fortsetter å vere standard nettlesar til KDE.

Remove ads

Eigenskapar

  • Fanenavigasjon
  • 3 visningsmodusar (Ikon, Detaljar og Kompakt), som blir hugsa for kvar mappe
  • Enkel visning av skjulte mapper
  • Enkel navigering av filsystemet med autofullføring gjennom navigasjonsbaren
  • Sorterig av filer etter:
    • Dato laga
    • Dokumenttype
    • Alfabetisk rekkefølge
    • Storleik
    • Eigar (alfabetisk sortert)
    • Filtype (alfabetisk sortert)

Filosofi

  • Målgruppe

Dolphin er meint for brukarar som er middels kompetente i sitt bruk av ei datamaskin. Det betyr ikkje at Dolphin er over gjennomsnittet vanskeleg å bruke men at Dolphin har fleire eigenskapar og val som kan forvirre nye brukarar.

  • Ikkje-hindrande funksjonar

Om ein funksjon eller eigenskap skal leggast til dolphin må det vurderast om det tilfører eigenskapar til dolphin som gagnar brukarar utanfor målgruppa til dolphin. Ikkje-hindrandre omhandlar for det meste brukargrensesnittet, om ein ein ny funksjon eller eigenskap vil føre til rot eller uorganisering i brukargrensesnittet vil den ikkje bli lagt til.

  • Val

Val er viktige fordi «gjennomsnittbrukaren» ikkje eksisterer. Men det er likevel ikkje sagt at dolphin sitt mål er å dekke kvart brukarkrav, fordi kvart val og eigenskap som tilføyast gjer det vanskelegare å finne eksisterande val og eigenskapar.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads