Valkyrjedomen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dome F, òg kalla Dome Fuji (ドームふじ Dōmu Fuji), Valkyrie Dome eller Valkyrjedomen, ligg aust i Dronning Maud Land. Med ei høgd på 3810 moh. er han det nest høgast punktet eller iskuppelen på Det austantarktiske isdekket og dannar eit isskilje. Dome Fuji-stasjonen, ein japansk forskingsstasjon, ligg på Valkyrjedomen.
Remove ads
Oppdaging og namngjeving
Valkyrjedomen er ein iskuppel med ei høgd på kring 3700 moh. aust i Dronning Maud Land. I 1963-64 kryssa Den sovjetiske antarktisekspedisjonen norddelen av høgda i ei høgd på 3600 meter over havet. Høgda was skissert av SPRI-NSF-TUD under ekkoloddmåling 1967-79. Det vart namngjeven Valkyrjedomen etter valkyrjane i norrøn mytologi.
Miljø
På grunn av plasseringa på det antarktiske platået og høgda, er Valkyrjedomen ein av dei kaldastane stadane på jorda. Temperaturane stig sjeldan over -30 °C om sommaren og kan falle til -80 °C om vinteren. Den årlege middeltemperaturen er -54,3 °C. Området har klimaet til ein isørken, med særs tørre tilhøve og ein årleg nedbør på berre kring 25 millimeter nedbør i form av vatn. Nedbøren fell utelukkande som iskrystallar.[1]
Remove ads
Dome Fuji-stasjonen
Dome Fuji-stasjonen (ドームふじ基地 Dōmu Fuji Kichi) vart oppretta som «Dome Fuji observasjonsbase» (ドームふじ観測拠点 Dōmu Fuji Kansoku Kyoten) i januar 1995. Namnet vart endra i 2004. Han er ligg kring 1 000 km frå Showa-basen.
Glasiologi
Djup iskjerneboring på Valkyrjedomen vart starta i august 1995 og i desember 1996 hadde ein nådd ei djupne på 2503 meter. Denne første iskjernen dekkjer ein periode som går attende 340 000 år.[2][3]
Kjernekvaliteten ved Dome Fuji-stasjonen i Aust-Antarktis er særs høg, sjølv i dei skjøre områda frå 500 til 860 m djupne.[4]
Ei ny djup iskjerneboring vart starta i 2004. Boringa vart utført i løpet av fire påfølgjande somrar, frå 2003/2004 til 2006/2007, og ein nådde ei djupne på 3035,22 meter. Boret hadde då enno ikkje nådd berggrunnen, men ein fann steinpartiklar og frose smeltevatn i den djupaste isen, noko som indikerer at berggrunnen er særs nær botnen av boreholet. Denne kjernen går attende heile 720 000 år.[5] Isen i den andre Dome F-kjernen er derfor den nest eldste isen som nokon gong er henta opp, berre bak EPICA Dome C-kjernen.
Remove ads
Sjå òg
- Asuka-stasjonen
- Mizuho-stasjonen
- Showa-basen
- Dome A (òg kalla Dome Argus)
- Dome C (òg kalla Dome Circe, Dome Charlie eller Dome Concordia)
- Concordia i Antarktis
- EPICA
- Vostok-stasjonen
- Klima i Antarktis
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads