Dompap
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram. Fuglen heldt til i Europa og tempererte Asia, hovudsakleg som standfugl, men nokre nordlege fuglar trekk sørover om vinteren.[2]
Namnet «dompap» kjem frå lågtysk dompape med tydinga 'domherre', fordi fjørdrakta minner om draktfargane til ein slik.
Remove ads
Skildring
Dompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.
Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.
Arten dannar ingen store flokkar utanfor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.
Remove ads
I kulturen
Som ein overvintrande, raudfarga fugle er dompapen blitt knytt til jul, og blir framstilt på julekort og som julepynt. Fuglen opptrer i eventyret «Røde og graa dompaper» av Henrik Wergeland og i songen «Du og jeg og dompapen» av Alf Prøysen.
Galleri
- Dompapegg.
- Film av dompap
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads