Don't Let the Sun Go Down on Me
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Don't Let the Sun Go Down on Me» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin på albumet Caribou frå 1974. Songen vart gjeven ut som singel same året.
På refrenget er blåsearrangement gjort av Del Newman, og Beach Boys-medlemmane Carl Wilson og Bruce Johnston, samt Toni Tennille syng korvokal. Med på songen er òg Ray Cooper på perkusjon og Dave Hentschel på mellotron.
Det vart spelt inn eit konsertopptak den 14. desember 1986 som er gjeven ut på Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra. Ei forkorta utgåve av denne innspelinga vart gjeven ut som singel i 1987 og finst på To Be Continued....
I 1991 spelte John inn songen som ein duett med George Michael og singelen vart ein stor suksess. Paret hadde sunge songen i lag på Live Aid i 1985. Singelen var spelt inn under ein konsert på Wembley Arena i London den 25. mars 1991 då Elton John var gjesteartist for George Michael. Duetten vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren og nådde toppen av lista i mellom anna Storbritannia, USA og Noreg. Denne versjonen finst på John-albumet Love Songs. Inntektene frå singelen vart delt mellom 10 forskjellige veldedige organisasjonar for born, AIDS og utdanning.
Remove ads
Listeplasseringar
Originalutgåva av «Don't Let the Sun Go Down on Me» nådde 16. plass i Storbritannia og andreplass i USA. I Canada gjekk han heilt til topps og vart den femte listetoppen hans i det landet.[1]
Andre versjonar
«Don't Let the Sun Go Down on Me» har vore ein populær song for mange andre artistar som Maynard Ferguson, Roger Daltrey, The Winans, Gloria Estefan, Oleta Adams, Joe Cocker, Me First and the Gimme Gimmes, Vanessa Carlton og Bettye LaVette.
Lister
Originalversjonen
George Michael/Elton John-versjonen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads