Bennie and the Jets
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Bennie and the Jets» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin.[1] Songen vart først gjeven ut på Goodbye Yellow Brick Road i 1973 og vart året etter gjeven ut som singel.
Songen fortel om «Bennie and the Jets», eit fiktivt band som Elton John visstnok var tilhengjar av. I intervju har Taupin fortalt at teksten er eit satirisk syn på musikkindustrien i 1970-åra.
Elton John var imot at songen skulle ut på singel, sidan han trudde han ville gjere det dårleg, men han vart mykje spelt på radio i USA og gjekk til slutt heilt til topps der i 1974. Singelen selde til gullplate same året og til platina i 1995. Songen gjekk òg til topps i Canada.
Axl Rose, frå Guns N' Roses, har sagt at det var «Bennie and the Jets» som inspirerte han til å verte songar. Han song sidan songen i lag med Elton John på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992.
Remove ads
Medverkande
- Elton John – piano, Farfisa-orgel, vokal
- Davey Johnstone – akustisk og elektrisk gitar
- Dee Murray – bass
- Nigel Olsson – trommer
Salslister
Remove ads
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt songen er Beastie Boys, Katherine Heigl og James Marsden i filmen 27 Dresses, Mary J. Blige sampla melodien i «Deep Inside», Ashanti og Cher.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads