Don't You (Forget About Me)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Don't You (Forget About Me)» er ein song av det skotske rockeband Simple Minds. Han vart skriven og komponert av produsenten Keith Forsey og Steve Schiff, ein gitarist og låtskrivar i bandet til Nina Hagen. Songen vart spelt under opninga (demoen til Forsey) og rulleteksten (innspelinga til Simple Minds) av John Hughes-filmen The Breakfast Club.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

Songen vart skriven og komponert av produsenten Keith Forsey og Steve Schiff medan dei laga filmmusikken til The Breakfast Club. Begge var fans av Simple Minds og skreiv songen med bandet i tankane. Forsey spelte ein demo for selskapet til bandet, A&M Records, som inviterte han til eit møte med bandet etter ein konsert i USA. A&M hadde derimot ikkje gjeve beskjed om at Forsey kom til å møte dei, og dei avslo tilbodet om å få songen.[2]

Forsey tilbaud så «Don't You (Forget About Me)» til Bryan Ferry, så til Billy Idol, som Forsey var produsent for på den tida, men begge avslo.[2] Idol spelte fleire år seinare inn songen. Plateselskapet føreslo at Corey Hart, som hadde ein hit på denne tida med «Sunglasses at Night» kunne spele songen, men Forsey syntest ikkje at Hart var rette songaren for songen.[3] Songaren i Fixx, Cy Curnin, avslo òg songen.

I følgje Simple Minds-frontmannen Jim Kerr, var bandet motvillig til å spele inn songen, sidan følte dei berre skulle spele inn songar dei sjølv hadde laga. «Me er Simple Minds - me gjer ikkje songar som ikkje høyrest ut som Simple Minds. Me er Simple Minds. Me gjer våre eigne songar,» sa han til BBC i 2018. Bandet var òg frustrert med at dei ikkje klarte å få suksess i USA, og såg ikkje korleis denne songen kom til å endre på det.[2]

Bandet gav til slutt etter for presset frå A&M og frå Chrissie Hynde, som var kona til Kerr på denne tida. Forsey ringte og til Kerr på ny og fortalte kor godt han likte bandet.[4] I følgje ei soge skal bandet ha omarrangert og spelt inn «Don't You (Forget About Me)» i løpet av tre timar i Nord-London og så gløymd han ut[5] i den tru at det var ein annanrangs song til ein forgløymeleg film.[2]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Songen held fram rockeretninga dei tok på Sparkle in the Rain, men reflekterte òg den melodiske synthpop-fortida deira. Med god hjelp frå suksessen til The Breakfast Club, gjekk singelen til topps på den amerikanske og den kanadiske singellista.[6] Det var òg den einaste songen deira som gjekk til topps på den amerikanske Top Rock Tracks-lista, der han låg i tre veker. Singelen nådde berre sjuandeplassen i Storbritannia, men låg inne på lista frå 1985 til 1987.

Songen kom ikkje ut på det påfølgjande albumet deira, Once Upon a Time, men kom med på samleplata Glittering Prize 81/92 i 1992. Songen vart derimot mykje spelt på konsertane til bandet.[7]

Remove ads

Innhald

7": Virgin / VS749 (Storbritannia), 7": A&M Records / AM-2703 (USA)

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  2. «A Brass Band in Africa» – 5:10

12": Virgin / VS749-12 (Storbritannia), 12": A&M Records / SP-12125 (USA)

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 6:32
  2. «A Brass Band in African Chimes» – 9:22

12": Virgin / VSX 1250 (Canada)

  1. «Don't You (Forget About Me)» (extended version) – 6:32
  2. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  3. «A Brass Band in Africa» – 5:10

1988 3" CD: Virgin / CDT2 (Storbritannia)

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  2. «A Brass Band in African Chimes» – 9:22

1988 CD: A&M Records / 75021 2375 2 (USA)

  1. «Don't You (Forget About Me)» (live) – 9:02
  2. «Bass Line» – 4:37
  3. «The American» – 3:33

1990 CD: Virgin / THEME10 (Storbritannia)

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 6:35
  2. «Up on the Catwalk» (extended version) – 7:36
  3. «A Brass Band in African Chimes» – 9:24

Medverkande

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads