Doncaster

From Wikipedia, the free encyclopedia

Doncaster
Remove ads

Doncaster er ein by i South Yorkshire i England. Innbyggjarane kallar han gjerne berre Donny.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Den første kjende busetnaden på staden var eit romersk fort bygd i 1. hundreåret ved ein vadestad ved elva Don. Fortet fekk namnet Danum, og den noverande staden er samansett av forvanskingar av Danum og castrum (latin, «fort»). I angelsaksisk tid var Doncaster truleg bustad for kongane av Northumbria.

Etter at Vilhelm Erobraren hadde teke makta i 1066 vart byen, som hadde forfalle kraftig, gjenoppbygd av normannarane. Dei bygde òg ei festning ved Conisbrough.

Omkring 1500-talet byrja byen å tene godt på hesteoppdrett, og dette førte vidare til at ein byrja å skipa til hesteveddeløp. Dei første veddeløpa i byen skal ha vore arrangert tidleg på 1600-talet, men det som gav Doncaster ry var løpa St. Leger Stakes, som først vart skipa i 1770-åra.

Etter den industrielle revolusjonen kom jarnbanen til Doncaster. Great Northern Railway sitt lokomotiv- og vognbyggeri vart lagt dit, og på denne verkstaden vart både Mallard og Flying Scotsman bygd. Byen ligg i dag ved den austlege hovudlinja mellom London og Skottland.

Under første og andre verdskrigen vart jernbaneindustrien omstilt til ammunisjonsproduksjon. Etter 1945 vart Doncaster ein av dei viktigaste kolgruvebyene i England, og gruvene vart langt den største arbeidsplassen i området. Mange av jobbane gjekk tapt ved nedtrappinga av gruveindustrien i 1980-åra, og det er i dag nesten inga utvinning av kol rundt Doncaster.

Sidan det som gjennom etterkrigstida har vore hovudnæring forsvann har byen freista å etablere seg som eit sentrum for handel og fritidsaktivitetar. Hesteveddeløpa er enno særs populære, og trekkjer mange vitjande.

Doncaster har ein av dei mest framgangsrike kvinnefotballklubbane i England, Doncaster Belles LFC, og dessutan herrefotballklubben Doncaster Rovers FC.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads