Donegal Bay

From Wikipedia, the free encyclopedia

Donegal Bay
Remove ads

Donegal Bay (Bá Dhún na nGallirsk) er ei bukt nordvest på Irland. Tre grevskapDonegal i nord og vest, Leitrim og Sligo i sør – har kystlinje mot bukta som grensar til Atlanterhavet i vest. Byen Donegal og elva Eske ligg inst i bukta.

Thumb

Donegal Bay er den største bukta på Irland og her finn ein òg den høgaste klippa i Europa, Slieve League, som er 601 meter høg.

Donegal Bay sine strender er nokre av dei beste surfestrendene i Europa på grunn av at dei får inn bølgjene frå vest og traktforma til bukta, som gjev høge bølgjer og gode surfeforhold. Rossnowlagh og Bundoran vert av surfemiljø i Europa rekna som dei beste surfestrendene på Irland med gode fasilitetar og glimrande vasskvalitet.

Remove ads

Byar ved bukta

Thumb
Stranda Bundoran i Donegal Bay
  • Ballyshannon
  • Bundoran
  • Coolmore
  • Donegal
  • Killybegs
  • Mountcharles
  • Mullaghmore
  • Rossnowlagh
  • Tullaghan

Elvar som munnar ut i bukta

  • Drowes (mellom Bundoran og Tullaghan)
  • Erne (ved Ballyshannon)
  • Elva Eske (ved Donegal Town)

Øyar i bukta

  • Isle of St. Ernan
  • Belle's Isle
  • Rotten Island

Kjelder

Bakgrunnsstoff

54°40′N 9°04′W

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads