Doping i idrett

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Doping i idrett er bruk av stoff (ofte kalla dopingmiddel) som kan fremja idrettsprestasjonane til ein utøvar.

Historie

Testosteron, eit anabolt-androgent steroid[1] som ofte vert kalla eit anabolt steroid, vart nytta av vektløftarar frå Sovjetunionen frå 1950-talet som del av eit statleg program.[2][3] John Ziegler, som var lækjar for det USA-amerikanske vektløftarlaget, fekk høyra om teknikken, og prøvde ut små dosar testosteron på seg sjølve, den amerikanske trenaren deira og to utøvarar. Alle la på seg vekt og auka styrken meir enn noko anna treningsprogram, men hadde også bieffektar.[4] På leit etter eit middel utan bieffektar fann Ziegler fram til det anabole steroidet metandrostenolon (Dianabol, DBOL), laga av Ciba Specialty Chemicals.[5][6] Dette var «det første av de store ASS-preparatene innen idretten», men skulle også visa seg å ha biverknader.[7]

Dei første dopingtestane skjedde i 1966.[2] I 1967 kom IOC sine første lister over forbodne (prestasjonsfremjande) stoff.[treng kjelde] I samband med OL i Mexico i 1968 blei det nedlagt dopingforbod som galdt heile verda.[8]

Bloddoping tok til seint på 1960-talet.[9]

Det vart funne steroid frå gruppa anabolt-androgent steroid (AAS) i dopingtestar i 1976.[10]

I 2000 påviste ein bruk av «kunstig EPO», ei form for bloddoping.[11] Eit såkalla designer-steroid, norboleton, vart funne i urinprøva til ein utøvar for første gong i 2002.[10]

I 2003 tok antidopingbyrået WADA over dopinglista til IOC, og vart den øvste styresmakta i antidoping-arbeidet.[12]

Steroidet THG, fullt namn tetrahydrogestrinon, vart første gongen funne i ei dopingprøve utanom tevling i 2003.[13]

I 2010 vart det gjort ein positiv dopingtest for veksthormon.[14]

I desember 2012 var GW1516, ein metabolsk modulator, påvist i ein positiv dopingtest under Vuelta Ciclista a Costa Rica. Tre av dei costaricanske syklistar fekk utestenginger i 3 år, og ein fekk utestenging i 12 år fordi han hadde ein tidlegare dopingdom.[15][16][17]

Remove ads

Metodar

  • Bloddoping
  • Gendoping[18]

Noreg

Norges Idrettsforbund starta sitt første anti-dopingprogram i 1976.[8] Den første utøvaren vart teken for doping i Noreg i 1977.[8]

Stortinget vedtok (1992) ei dopinglov som gjorde at produksjon, innførsel og salg av mellom anna AAS, vart rekna som narkotika-kriminalitet.[8]

Antidoping Norge vart danna i 2003.[8]

Notable avsløringar

  • Sommar-OL 1968 var den fyrste gangen en OL-utøvar vart diskvalifisert for doping;[19][20] Dopingprøva i samband med skyting i moderne femkamp, viste alkoholen etanol.
  • I Dopingsakene frå Lahti-VM i 2001 vart hydroksyetyl-stive (HES) - ein antikoagulant (blodfortynnar) nytta.[21] Stoffet kan nyttast til å kamuflera EPO-doping.[22]
  • Fuentes-dopingsaka
  • Skandalen knytt til Biogenesis-klinikken (Biogenesis baseball scandal)
  • Dopingsaker tilknytte Tour de France
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads