Dorrit Willumsen

dansk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Dorrit Willumsen
Remove ads

Dorrit Willumsen (fødd 31. august 1940 Nørrebro i København) er ein dansk forfattar. Ho debuterte i 1965 med novellesamlinga Knagen og har sidan fått utgjeve ei rekkje romanar, dikt- og novellesamlingar.

Kjappe fakta

Det eigentlege gjennombrotet fekk Willumsen med romanen Marie frå 1984. Romanen handla om livet til Madame Tussaud og dei kostnadane kunstnarvirket kan ha for kjærleikslivet.

I 1986 utkom ei sjølvbiografisk erindringsbok kalla Suk hjerte.

Romanen Klædt i purpur, som kom ut i 1990, vart seinare omarbeidd for teater. Høyrespela Ud af billedet og Så længe smerten er usynlig kom ut i 1992.

I 1997 vart ho tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Bang: en roman om Herman Bang. Sidan 1980 har ho fått kunstnarløn frå den danske staten..

Willumsen har sidan 1963 vore gift med lyrikaren Jess Ørnsbo. Saman har dei sonen Tore Ørnsbo som også er lyrikar.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • 1981 Det Danske Akademis Store Pris
  • 1983 Den danske Kritiker-prisen
  • 1984 De Gyldne laurbær
  • 1991 Dansk LO's kulturpris
  • 1993 Dansk Blindesamfunds Radiospilpris
  • 1995 Søren Gyldendal-Prisen
  • 1996 Dansk Litteraturpris for Kvinder
  • 1997 Nordisk Råds litteraturpris for Bang : en roman om Herman Bang

Bibliografi

  • 1965 Knagen, novellesamling
  • 1967 Stranden, roman
  • 1968 Da, roman
  • 1970 The, krydderi, acryl, salær, græshopper, roman
  • 1973 Modellen Coppelia, noveller og dikt
  • 1974 En værtindes smil
  • 1976 Kontakter, dikt
  • 1976 Neonhaven, roman
  • 1978 Hvis det virkelig var en film, noveller
  • 1980 Danske fortællinger, noveller
  • 1980 Manden som påskud
  • 1982 Programmeret til kærlighed
  • 1983 Umage par, dikt
  • 1984 Marie: en roman om Marie Tussauds liv
  • 1985 Caroline, skodespel
  • 1988 Suk hjerte, roman
på norsk:
1986 Sukk hjerte omsett av Annie Riis
  • 1989 Glemslens forår, noveller.
  • 1995 Klædt i purpur, historisk roman
  • 1997 Bang : en roman om Herman Bang
på norsk:
1997 Bang : en roman om Herman Bang omsett av Knut Johansen
  • 1997 De kattens feriedage, munter forteljing
  • 2000 Koras stemme, roman
  • 2001 Tøs : et hundeliv
  • 2003 Bruden fra Gent, roman
  • 2005 Den dag jeg blev Honey Hotwing, novellesamling
  • 2008 Dage med slave, roman
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads