Dorsey Island
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dorsey Island er ei hovudsakleg isdekt øy som ligg i Wilkins Sound utanfor vestkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Det høgaste punktet på øya er Mount Snell som ligg opp mot 500 meter over havet. Ho vart oppdaga og grovt kartlagd frå lufta av medlemmar frå East Base i U.S. Antarctic Service, 1939–41, og vart kalla opp etter Herbert G. Dorsey Jr., frå U.S. Weather Bureau, ein meteorolog ved East Base. Ho vart kartlagd på ny frå flyfoto teken av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Posisjonen og konturen til øya vart retta opp etter satelittbilete frå Landsat 1973–75 og 1979.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads