Dos Hermanas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dos Hermanas er ein by i Andalucía i Spania som ligg 15 km sør for Sevilla. Byen har kring 140 000 innbyggjarar.
Namnet på byen tyder «to systrer». Dos Hermanas vart grunnlagd i 1248 av kong Ferdinand III av Castilla til ære for systrene til Gonzalo Nazareno, ein av dei viktigaste kommandantane til kongen. På grunn av dette vert innbyggjarane i Dos Hermanas kalla nazarenos/as.
![]() |
Hovudnæringa i byen er i dag produksjon og distribusjon av olivenolje og «spanske oliven», samt fleire tenesteytande næringar.
Medlemmer av den spanske musikkgruppa Los del Río, best kjend for hitsingelen «Macarena», er frå Dos Hermanas og bur her framleis.
Det står ei 232 meter høg, kraftig radiomast like sør for byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads