Dougie MacLean

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dougie MacLean
Remove ads

Dougie MacLean, OBE (fødd 27. september 1954)[1] er ein skotsk songar og låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist og musikkprodusent. MacLean har opptredd både under sitt eige namn og som del av talrike folkemusikkgrupper sidan midten av 1970-talet. Han er kjend for stykke som «Caledonia», som ofte er blitt kalla ein uoffisiell skotsk nasjonalsong, og «The Gael», som var hovudtemaet i filmen The Last of the Mohicans frå 1992.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Songane til MacLean er blitt spelt inn av ei rekkje ulike artistar. I tillegg til å verka som ein turnerande songar og låtskrivar, skipa MacLean plateselskapet og studioet Dunkeld Records saman med kona Jennifer i 1983.

Remove ads

Opphav og tidleg karriere

MacLean voks opp på landsbygda i Perthshire, der far hans var gartnar, Mor hans spelte toradar, og far hans spelte fele.[2] På 1970-talet arbeidde MacLean som sjåfør for Doc Watson og Merle Watson då dei turnerte i Europa.[3] Han opprettheldt ein vennskap seinare, og har opptredd ved MerleFest.[4]

I 1976 byrja MacLean å turnera med den skotske folkemusikkgruppa The Tannahill Weavers, som han også spelte med i ei studioinnspeling. Seint på 1970-talet turnerte han med Silly Wizard i seks månader.[5]

I 1978 gav Maclean ut det fyrste albumet sitt, Caledonia, med Alan Roberts. Songen «Caledonia» frå albumet er ofte blitt kalla ein uoffisiell skotsk nasjonalsong.[6][7][8]

Remove ads

Solokarriere

Solokarrieren til MacLean byrja i 1981. Han har spelt inn ei rekkje album sidan. Han speler fleire instrument, som gitar, fiolin, mandola, bratsj, bouzouki, banjo og bass i tillegg til å verka som songar og komponist.[9]

MacLean skreiv «The Gael» i 1990, ein melodi som blei hovudtema i filmen The Last of the Mohicans frå 1992. Han var også musikalsk leiar for TAG Theatre Company si oppføring av A Scots Quair i 1993,[10] og gav ut bidraga sine på LP-en Sunset Song i 1994. Songar av MacLean's er blitt spelte inn av fleire artistar, som Dolores Keane,[11] Rich Mullins, Ronan Keating, Paolo Nutini, Amy Macdonald, Kathy Mattea, Frankie Miller, Cara Dillon og Mary Black,[12] som laga ein coverversjon av «Turning Away» (1991) for filmen Angel Eyes frå 2001.

MacLean blei skildra i BBC-dokumentarfilmen documentary film The Land: The Songs of Dougie MacLean i 1993.[10] Han har stelt til og opptredd ved Perthshire Amber festival, Birnam & Dunkeld og delteke i fleire opptredenar ved Celtic Connections i Glasgow.

MacLean skipa plateselskapet og lydstudioet Dunkeld Records saman med kona si Jennifer i 1983.[10]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

I 2011 blei MacLean utnemnd til Officer of the Most Excellent Order of the British Empire (OBE).[13]

I 2013 blei han tildelt ein BBC Radio 2 Folk Award for Lifetime Achievement for Contribution to Songwriting. Han blei gjeven prisen av den skotske fyrsteministeren Alex Salmond i Glasgow Royal Concert Hall.[14][15][16][17]

Utgjevingar

Studioalbum

  • Are Ye Sleeping Maggie (1976) (med The Tannahill Weavers)
  • Caledonia (1978) (som Alan Roberts & Dougie MacLean)
  • CRM (1979) (som Alex Campbell, Alan Roberts & Dougie MacLean)
  • Snaigow (1980)
  • On A Wing and a Prayer (1981)
  • Craigie Dhu (1983)
  • Butterstone (1983)
  • Fiddle (1984)
  • Singing Land (1985)
  • Real Estate (1988)
  • Whitewash (1990)
  • The Search (1990)
  • Indigenous (1991)
  • Sunset Song (1993)
  • Marching Mystery (1994)
  • The Plant Life Years (1995)
  • Tribute (1996)
  • Riof (1997)
  • Perthshire Amber (2000)
  • Who Am I (2002)
  • Early (2003)
  • With Strings (2003)
  • Inside The Thunder (2006)
  • Muir of Gormack (2007)
  • Resolution (2010)
  • Till Tomorrow (2014)
  • Caledonia Cantata (2015)
  • New Tomorrow (2017)
  • A Robert Burns Selection (2018)

Instrumentale verk

  • Fiddle (1984)
  • The Search (1990)
  • Sunset Song (1994)

Live

  • Live: From The Ends Of The Earth (2000)

Videoar

  • The Land (1996)
  • Live At Perthshire Amber (2006)
  • Songmaker (2010)

Samlealbum

  • The Dougie Maclean Collection (1995)
  • The Plant Life Years (1995)
  • The Essential Dougie MacLean (2007)
  • The Essential Too (2013)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads