Drapsforsøk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Drapsforsøk, eller mordforsøk, er ei handling som kunne ha medført død hjå eit menneske, men ikkje gjorde det. Eit slikt forsøk på drap er ofte straffbart i seg sjølv, men definisjon og strafferame kan variera mellom ulike jurisdiksjonar.
For at nokon skal dømmast for drapsforsøk, må retten finna det sannsynleg at meininga med handlinga var å drepa.[1][2] I staden kan ein vedgå eller dømmast for drapstruslar eller lekamsskading.[3]
I Noreg er drapsforsøk straffbart på linje med drap etter Straffeloven § 233, jf. § 49.[4] Kva slags straff ein får, kjem an på korleis freistnaden vert utført, men Høgsterett stadfesta i ein dom frå 2011 ei straff på ni år i fengsel.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads