Drastic Measures

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Drastic Measures er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1983.

Meir informasjon Kansas-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Retningsendringa Kansas tok med Vinyl Confessions byrja å slite på bandet under innspelinga av dette albumet. Etter å ha høyrt at kristne fans av Kansas brukte tekstar frå Vinyl Confessions i religiøse pamflettar og gav dei til publikum under konsertane deira, vart fiolinisten Robby Steinhardt lei av den nye, kristne retninga til Kansas og slutta i bandet etter turneen i 1982.

Trass i suksessen til Vinyl Confessions, blant vanlege publikum og kristne publikum, vart albumet kritisert, særskild av Rolling Stone, for å vere for gjentakande av den tidlegare musikken til Kansas. Drastic Measures var eit forsøk frå John Elefante å endre denne haldninga og komposisjonane hans dominerer albumet. Ein av dei faste låtskrivarane til Kansas, Kerry Livgren, bidrog berre med tre songar. Sidan stilen på Drastic Measures minna meir om Loverboy og Foreigner på denne tida, var Livgren særs misnøgd. Dette kjem til uttrykk i teksten på «Mainstream», som er ein kritikk av både den nye retninga til bandet og musikkindustrien generelt.[2]

Med unntak av dei tre siste songane på albumet, er dei kristne tekstane stort sett indirekte eller løynde, sjølv om dette hovudsakleg kom av at Livgren heldt attende fleire songar for sine eigne, framtidige prosjekt. Kombinert med eit underleg val av plateomslag, forvirra Drastic Measures den langvarige fansen og skuffa dei kristne lyttarane.[2] Albumet selde dårleg og nådde lågt på albumlista i USA, det dårlegaste sidan [[Kansas av Kansas|debutplata i 1974]. Spaninga i bandet gjorde at dei vart oppløyst etter ein nyårskonsert mot slutten av 1983.[2] Ehart, Williams og Elefante spelte likevel inn songen «Perfect Lover» for samlealbumet The Best of Kansas, som kom i 1983.

Livgren og Dave Hope slutta i bandet og skipa AD, medan Elefante vart ein sukessrik produsent for kristenmusikkband som Petra og andre CCM-artistar.

«Fight Fire with Fire» vart gjeven ut på singel og musikkvideoen regissert av Dominic Orlando,var ein av dei første som vart synt på kinolerret i USA. Songen nådde tredjeplassen på Billboard Mainstream Rock Chart[3] og 58. plassen på Hot 100.[4]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av John Elefante og Dino Elefante, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kansas
Andre medverkande
  • Jim Vest - steelgitar på spor 4 og 7
  • David Pack, Terry Brock, Kyle Henderson – korvokal
Production
  • Neil Kernon – produsent, lydteknikar, miksing i Bullet Recording, Nashville, Tennessee
  • Cliff Bonnell, Guy Charbonneau - lydteknikarar i Le Mobile
  • Danny Mundhenk - lydteknikar i Bullet Recording
  • Howie Weinberg - mastering i Masterdisk, New York
  • Drennon Studio - kunstnarisk leiar
  • Glen Wexler - fotografi
Remove ads

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads