Drift Away

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Drift Away» er ein song skriven av Mentor Williams og opphavleg spelt inn av John Henry Kurtz i 1972 på albumet hans Reunion. I 1973 vart songen den største hitten til Dobie Gray, med ein femteplass på Billboard Hot 100. Det vart den siste pophitten for Decca Records i USA.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Ein nyare versjon av Uncle Kracker, i lag med Gray, vart ein hit i 2003.

Remove ads

Lister (Dobie Gray)

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...

Andre versjonar

«Drift Away» har sidan blitt spelt av mange andre band og artistar, som Allan Clarke, Roy Orbison, Ike and Tina Turner, Humble Pie, Mud, Rod Stewart, Steppenwolf, Waylon Jennings, Ray Charles, Neville Brothers, Michael Bolton, Jim Hollis, Christian Kane, The Nylons, Ringo Starr, Bruce Springsteen, Judson Spence og John Kay.[1] Det finst ei innspeling frå 1973 av The Rolling Stones som ikkje er gjeven ut. Med på denne versjonen var alle dei dåverande medlemmane i the Stones, utanom Keith Richards og med klaverspelaren Nicky Hopkins i tillegg.[treng kjelde] The Heptones spelte inn ein reggaeversjon som er med på mange samleplater. Street Corner Symphony song òg ein versjon av songen som sin svanesong i siste episode av sesong 2 av NBC-seiren The Sing-Off.[2] Bon Jovi spelte ofte songen på konsertane sine i 1987. Ein versjon vart spelt inn som ein del av ein konsertserie på radiostasjonen Westwood One. Dolly Parton og Anne Murray framførte songen i lag i 1976 på showet til Parton kalla Dolly!.

Garth Brooks spelte inn songen i 2013 for albumet Blue-Eyed Soul.

Narvel Felts-versjonen

Meir informasjon B-side, Narvel Felts-kronologi ...

Ein countryversjon vart spelt inn av Narvel Felts i 1973. Han spelte songen som ein countryballade, samanlikna med den meir bluesaktige versjonen til Gray. Felt endra teksten «I wanna get lost in your rock and roll» til «I wanna get lost in your country song». Songen nådde åttandeplassen på Billboard' Hot Country Singles-lista i august 1974, kring tre månader etter versjonen til Gray hadde herja listene.[4] Songen markerte første gongen Narvel hadde suksess i countrymarknaden, sidan han frå seint i 1950-åra hadde vore kjend som ein rockabilly-artist.

Lister (Narvel Felts)

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...

Uncle Kracker med Dobie Gray

Drift Away
Singel av Uncle Kracker med Dobie Gray
frå albumet No Stranger to Shame
Utgjeve 17. mars 2003
Sjanger Poprock, adult contemporary
Lengd 4:15
Selskap Lava
Produsent Michael Bradford, Uncle Kracker

Ein versjon vart gjeven ut av Uncle Kracker i 2003. Denne versjonen, der Dobie Gray syng det siste verset, nådde niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. Han låg 28 veker på toppen av adult contemporary-lista i USA, noko som var ny rekord. Songen nådde òg 25. plassen på singellista i New Zealand.

Musikkvideoen vart regissert av Bronston Jones.

Lister (Uncle Kracker)

Meir informasjon Liste (2003–04), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads