Driving Home for Christmas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Driving Home for Christmas» er ein populær song skriven av Chris Rea og gjeven ut i 1986.[1] Singelen nådde 53. plassen på den britiske singellista i 1998 og gjekk inn att på lista i 2007, då han gjekk opp til 33. plassen.[1] Sjølv om han ikkje har nådd høge plasseringar, har han nesten kvar jul gått inn på topp 40 på singellista.[2]
Han er blitt nytta i julereklamar for supermarknadkjeden Iceland i 1997, 1998 og 2011, siste året i ein versjon av Stacey Solomon.[3] Ein alternativ versjon av singelen vart gjeven ut i Japan som «Snow».[4]
Remove ads
Bakgrunn
I'm driving home for Christmas
I just can't wait to see those faces.
Chris Rea (1986)
I eit intervju på BBC Radio 4-programmet Today den 16. desember 2009 sa Rea at han skreiv «Driving Home for Christmas» mange år før han spelte songen inn. Kona hans hadde kome ned til London for å køyre han heim til Middlesbrough i sin Austin Mini fordi det var billigare enn å ta toget. Inspirasjonen til songen kom då ho og Rea sat fast i tett trafikk på veg ut av London med ein lang køyretur til Middlesbrough før seg. Rea sa «Driving Home for Christmas» er ein «bilversjon av ein julesong».[5]
Remove ads
Musikkvideo
I 2009, 21 år etter songen kom ut, vart det laga ein musikkvideo til songen til støtte for den veldedige organisasjonen Shelter. Alle inntektene frå videoen gjekk til organisasjonen. Det var med fleire kjendisar i videoen, som Martin Shaw, Mike Read, David Hamilton, Kristian Digby, Gail Porter, Lizzie Cundy, Kenny Thomas, Ewen MacIntosh, Carol Decker, Matt Di Angelo, Mark Brennan, Giles Vickers-Jones og Lionel Blair. Rea sa om prosjektet, «eg ønskte å gjere noko spesielt denne jula og kva er betre enn å hjelpe folk å få tak over hovudet når dei treng det som mest - i jula. I lag med Shelter håpar me at få det til.»[6]
Ein annan video syner ein isbjørn som køyrer ein bil på ein trafikkert veg på julaftan på veg heim til kona og sonen.
Remove ads
Innhald
Lister
Remove ads
Stacey Solomon-versjonen
Songaren og programleiaren Stacey Solomon spelte inn songen i 2011 og gav han ut den 18. desember 2011 som den første singelen hennar. Han var opphavleg meint å nyttast berre i reklamefilmar for supermarknadkjeden Iceland, men vart gjeven ut som singelen då han vart mykje etterspurt.
Singelen vart sleppt 18. desember 2011 på iTunes og alle inntektene frå salet gjekk til Alzheimer's Research UK og barnesjukehus-organisasjonen Together For Short Lives. Solomon framførte songen på fleire fjernsynsprogram.[18]
Lister
Remove ads
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn songen er:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads