Dromedar
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dromedar (Camelus dromedarius) tilhøyrer slekta kamelar (Camelus) og er eit stort, drøvtyggande klovdyr med lang hals, lange lemmar og ein enkelt ryggpukkel. Namnet «dromedar» kjem frå gresk gjennom latin og er avleidd av dromas som tyder 'løpar'.

Dromedaren er eit viktig husdyr[1] i Sahara, Arabia og delar av Asia. Han har også vore brukt i Spania, Italia, Amerika og Australia.
Dyra kan både brukast til riding og som trekk- og lastedyr. Dromedaren blei truleg temd av nomadar frå Arabia, og kan ha vore i bruk som husdyr allereie i steinalderen i Nord-Afrika. Det finst ingen ville dromedarar att, men i Australia lever det rundt ein million forvilla dromedarar.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads