Dryas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dryas var tre forholdsvis kalde klimaperiodar ved slutten av den siste istida med relativt tørt og kjølig klima.
Dei er kjenneteikna ved at planten reinrose, Dryas octopetala, var utbreidd i desse periodane. Dei tre dryas-periodane er:
- eldste dryas (ca. 13 000–10 500 f.Kr.)
- eldre dryas (ca. 10 000–9700 f.Kr.)
- yngre dryas (ca. 9000–8300 f.Kr.)
Mellom dei tre periodane kom dei noko mildare periodane bølling og allerød.
I dryas var plantelivet i Norden lyskrevande, nøysame og hardføre planter som tolte å vere dekte av snø store delar av året. Av dyr finn ein særleg mykje rein, men det fanst òg ulv, jerv, villhest, bison og hare.
Remove ads
Kjelder
«dryas» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads