Jerv

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Jerv
Remove ads

Jerv eller fjellfross (Gulo gulo) er eit rovpattedyr som høyrer til mårfamilien, og er det største mårdyret i Noreg.[2] Jerv finst i spreidde bestandar sirkumpolart i nordlege fjellområde.[3]

Kjappe fakta

Jerven, som kan ha vege opptil 25 kg, er kraftbygd og sterk etter storleiken. Han går på heile solen av foten, noko som gjer det lettare for han å gå på overflata av snøen.[2] Bitet er kraftig slik at han kan ete frose kjøt og knuse knoklar frå store dyr for å få tak i beinmargen. Jerven kan drage med seg byttedyr fleire gonger større enn seg sjølv. Dei lagrar føda i myrhol, bekker osb. for vinteren.

Om vinteren har jerven rein som hovudføde, men lever også av åtsel, både det han finn og vinterlager han har lagt seg opp.[2] Sommardietten er meir variert, med fuglar, små og mellomstore pattedyr og plantar på menyen.

Jerv filma i Helsinki dyrehage.
Remove ads

Raudlistevurdering

Jerv (Gulo gulo) blir vurdert som sterkt truga EN fordi det er få reproduserande individ i Noreg.[1]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads