Duane Allman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Howard Duane Allman (20. november 1946–29. oktober 1971) var ein USA-amerikansk gitarist, studiomusikar og opphavleg medlem og leiar av The Allman Brothers Band fram til han omkom i ei motorsykkelulukke i 1971, 24 år gammal.
The Allman Brothers Band vart skipa i Jacksonville i Florida i 1969.[1][2][3][4] Bandet hadde stor suksess tidleg i 1970-åra. Allman er best hugsa for den korte, men innverknadsrike perioden i bandet og særleg for måten han spelte slidegitar på og den nyskapande improvisasjonen hans.[5] I 2003 vart han rangert på andreplassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene, berre bak Jimi Hendrix. I 2011 vart han rangert på niandeplassen på ei liknande liste.[6] Gitartonen hans (skapt med ein Gibson Les Paul og to 50-watts bassforsterkarar frå Marshall) vart kåra til ein av dei beste gjennom tidene av Guitar Player.[7]
Allman var ein mykje etterspurt studiomusikar før og under tida hans i bandet, og han spelte med etablerte stjerner som King Curtis, Aretha Franklin, Wilson Pickett, g Herbie Mann. Han medverka òg stort til albumet Layla and Other Assorted Love Songs av Derek and the Dominos i 1970.
Dugleiken til Duane Allman på gitar vart utfylt av personlege kvalitetar som intensiteten, drivkrafta og evna til å få det beste ut av andre når dei laga musikk.[8] Allman hadde kallenamnet «Skydog».[9]
Remove ads
Discography
- The Allman Brothers Band
- The Allman Brothers Band (1969)
- Idlewild South (1970)
- At Fillmore East (1971)
- Eat a Peach (1972) på spor 4-9
- Derek & the Dominos
- Layla and Other Assorted Love Songs (1970) på spor 4-14
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads