Dudinka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dudinka (russisk Дудинка) er ein by i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar og var hovudstad i det tidlegare autonome distriktet Tajmyr, som i 2007 blei del av Krasnojarsk kraj. Byen ligg ved breidda av elva Jenisej like sør for Nordishavet.

Foto: Dr. Andreas Hugentobler
Dudinka har hamn for havgåande fartøy og er ei av dei viktigaste hamnene i Sibir langs Nordaustpassasjen. Den nordlegaste elektrifiserte jernbanen i verda knyter Dudinka til Norilsk, 96 kilometer borte, og flyplassen Alykel, 40 kilometer borte.
Busetjinga vart grunnlagd i 1667. Sidan 2001 treng utanlandske borgarar særskilt løyve for å vitja Dudinka. I sovjettida fram til 1991 var byen stengd for utlendingar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads