Duftspore
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Duftspore (Gymnadenia odoratissima) er ei plante i brudesporeslekta Gymnadenia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.
| Duftspore | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | Gymnadenia | ||
| Art: | G. odoratissima | ||
| Vitskapleg namn | |||
| Gymnadenia odoratissima
(Linné) Rich. | |||
| Økologi | |||
| Habitat: | kalkrik grasmark | ||
| Utbreiing: | Europa | ||
Remove ads
Utbreiing
I Sverige finst duftspore (svensk namn luktsporre) på Gotland og på nokre få spreidde funnstader på fastlandet. Arten er Sverige rekna som nær truga (NT).[2]
Arten finst òg i Estland (estisk namn lõhnav käoraamat), der han veks mest i nord og på Saaremaa. Han er rekna som sårbar (VU).[3] I Litauen (litauisk namn kvapusis plauretis)[4] vart han første gong funnen i 1979 og er kjend frå ein enkelt lokalitet sør i landet.[5] Han er rekna som kritisk truga (CR).[6]
I Benelux har tidlegare registreringar av arten (nederlandsk namn welriekende muggenorchis, fransk namn orchis odorant) i Nederland synt seg å vere hybridar mellom brudespore og artar i marihandslekta. I Flandern i Belgia er han ikkje registrert, medan det finst nokre få funn i Vallonia.[7] I den belgiske raudlista for Vallonia er arten rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction).[8] I Luxembourg er han rekna som regionalt utdøydd (RE).[9]
Remove ads
Hybridar
Hybriden mellom duftspore og brudespore (Gymnadenia conopsea × odoratissima eller Gymnadenia ×intermedia)[10] har vore registrert i Sverige.[11]
Duftspore kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia odoratissima), som òg er registrert i Sverige.[12]
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
