Dukkemann
song frå 1967 med Kirsti Sparboe From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Dukkemann» er ein song av Torill Ravnaas og Kirsti Sparboe, gjeven ut i 1967. Songen er skriven av Tor Hultin og Ola B. Johannessen.
Eurovision
Melodi Grand Prix 1967
«Dukkemann» deltok i Melodi Grand Prix 1967, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1967 i Wien i Austerrike. Songen vart framført på norsk av Torill Ravnaas med eit lite orkester, og så på nytt av Kirsti Sparboe med eit stort orkester. Bidraget vann med 24 poeng; fem frå Ålesund, tre frå Bergen, Hamar og Oslo, to frå Tromsø, Bodø, Kristiansand og Fredrikstad og eitt frå Trondheim og Stavanger.[1][2]
Eurovision Song Contest 1967
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1967 fekk «Dukkemann» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1967. Kirsti Sparboe framførte songen på norsk, og enda på 14. plass med to poeng; eitt frå Nederland og eitt frå Sverige. Øivind Bergh var dirigent.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads