Dumbarton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dumbarton er ein by i regionen West Dunbartonshire i Skottland. Han har kring 20 000 innbyggjarar og ligg ved nordbreidda av elva Clyde. Byen blir dominert av Dumbarton slott, som ligg på toppen av Dumbarton Rock. Byen var hovudstad i kongedømet Strathclyde i mellomalderen og seinare administrasjonsby for grevskapet Dunbartonshire (opphavleg Dumbartonshire, men dette namnet vart endra).
Frå 1975 til 1996 var byen kjernen i distriktet Dumbarton. I 1996 vart området delt mellom regionane West Dunbartonshire og Argyll and Bute. Dumbarton ligg i førstnemnde region, og er administrasjonsby her.
I nyare tid har Dumbarton vore eit sentrum for skipsbygging, men det viktigaste verftet, Denny's Yard, stengte i 1960-åra.
Blant kjende personar frå byen finn ein David Byrne frå Talking Heads og Formel 1-føraren Jackie Stewart.
Fotballklubben Dumbarton FC spelar i den skotske ligaen. Heimebana til lager er Denny Civic Theatre, som òg blir brukt av fleire andre lokale idrettslag.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dumbarton» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads