Dumfries

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dumfriesmap
Remove ads

Dumfries er ein by og det administrative senteret i regionen Dumfries and Galloway i det sørlege Skottland. Han har kring 40 000 innbyggjarar og ligg ved elva Nith.

Kjappe fakta skotsk-gælisk, Plassering ...

Byen blir kanskje forbunde mest med at Robert Burns budde der i 1790-åra. Robert Burns-senteret ligg i ein vassmølle frå 1700-talet ved vestbreidda av Nith. Over møllen er det ei vindmølle, òg frå 1700-talet, som rommar Dumfries museum og Camera Obscuraobservatoriet. Museet har utstillingar om førhistorisk tid, faunaen i saltmyrene i Solway, tidlege kristne utskjeringar frå Skottland og viktoriansk gardsliv. Observatoriet vart opphavleg oppretta for å huse eit astronomisk instrument som vart installert i 1836, og har ein spesiell skjerm som viser panorama frå Dumfries og omland.

Ved Devorgillabrua, som er frå det 1400-talet, ligg Old Bridge House, som er dei eldste husa til byen. Det er frå 1660, og er bygd inn i sjølve brua.

Under andre verdskrig låg den norske Brigaden i Skottland forlagt her.

Fleire tidlegare studentar frå Dumfries Academy er velkjende personar, blant andre: James Matthew Barrie, som skreiv Peter Pan; skodespelaren John Laurie og Jane Haining. Kjende personar som kjem frå byen inkluderer Formel 1-føraren David Coulthard og tidlegare racerførar Alan McNish.

Dumfries er heimstaden for fotballklubben Queen of the South.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads