Dunam
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein dunam eller dönüm, dunum, donum er ei måleining for areal. Han vart brukt i Det osmanske riket og er framleis i bruk, i varierande standardiserte versjonar, i mange av landa som tidlegare var ein del av Det osmanske riket. Måleininga var opphavleg definert som «førti vanlege skritt i lengda og førti vanlege skritt i breidda»,[1] men varierte vesentleg frå stad til stad.
Namnet dönüm, frå osmansk ضنمق/dönmek (å snu), er truleg eit omsett lånord frå det bysantinske stremma, som hadde same storleik.
Ein metrisk dunam svarar til:
- 1000 kvadratmeter
- 10 ar
- 1 dekar
- 0,1 hektar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads