Duncan Laurence
nederlandsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Duncan de Moor (fødd 11. april 1994 i Spijkenisse i Nederland), kjend under artistnamnet Duncan Laurence, er ein nederlandsk songar og låtskrivar som representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Arcade».[1]
Laurence starta den musikalske karrieren sin ved Rock Academy i Tilburg, og spelte i fleire band ved skulen. Her utvikla han seg også som songar, låtskrivar og musikkprodusent.
I 2014 deltok han i den femte sesongen av The Voice of Holland og hadde Ilse DeLange som mentor.[2]
Han har òg jobba som låtskrivar i London og Stockholm, og i 2018 skreiv han songen «Closer» saman med Jihad Rahmouni. Songen vart utgjeven av K-pop-duoen TVXQ på albumet New Chapter No. 1: The Chance of Lóve.[3]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads