Dunstable Downs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dunstable Downs er ein del av Chiltern Hills, sør i Bedfordshire i England. Dei er ein kalksteinsrygg som dannar dei nordaustlege områda av Chilterns. Med ei høgd på 243 moh. er Dunstable Downs det høgaste punktet i Bedfordshire.[1]
På grunn av høgda stod det ein stasjon for telegraflinja mellom London og hamna i Great Yarmouth på Dunstable Downs frå 1808 til 1814.[2]
Åsane vert nytta av gildefly, hangglidarar og paraglidarar på grunn av høgda i høvet til landskapet kring.
Det meste av åsane er styrt av National Trust som ein del av Dunstable Downs, Countryside Centre & Whipsnade Estate.

Åsane har eit variert dyreliv og mange sjeldne villblomar, som flugeblome, og forskjellige sommarfuglartar. Vestsida av åsane har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) kalla Dunstable and Whipsnade Downs.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads