Duplo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Duplo
Remove ads

Duplo er leiketøy av plast, eit sett legoklossar av dobbel storleik som passar for småbarn.

Thumb
To duploklossar og ei vanleg legobrikke.

Duplo blei først lansert i Danmark i 1967 og internasjonalt i 1969.[1] Dei store klossane er laga med tanke på tryggleik og lågare krav til finmotorikk. Dei er store slik at det er lettare å handtera dei og setja dei saman, kan ikkje svelgjast, og har avrunda kantar ein ikkje kan skjera seg på.

Duploklossane har som regel fire eller åtte byggeknottar og kan setjast saman til tårn, hus eller kva ein vil. Det finst også brett, bygningsdelar, køyretøy og figurar med legoknottar på som passer til duploklossar.[2] Sidan duploklossar er nøyaktig dobbelt så store som dei vanleg legoklossane, kan også dei to typane byggast saman.

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads