Dura i Hebron
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dura (arabisk دورا) er ein palestinsk by som ligg 11 kilometer sørvest for Hebron i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på over 28 268 i 2007.[1]
Remove ads
Etymologi
I følgje kommunen kjem namnet «Dura» frå eit kanaanittisk ord som tyder hus, og ikkje frå det arabiske ordet for korn.
Det kanaanittiske namnet frå oldtida er Adoraim, og er nemnt i Bibelen (2. Krøn 11:9) som ein av byane som Rehoboam bygde festningsverk i.
Historie
Byen vart kalla «Adora» i antikken. Mellom åra 57 og 47 fvt., vart regionen i hashemoneiske kongedømet Judea delt i fem distrikt eller synedria, der Adora truleg var hovudstaden aust i Idumaea.[2] Etter dette vart Idumaea ein del av distriktet Judea i nord, og den ein gong så kraftig helleniserte byen vart hovudsakleg jødisk.[3]
Tidleg i islamsk tid, var Dura kjend for vindruene sine og ei type rosin kalla duri.[4]
Osmansk tid
I 1596 stod Dura oppført i osmanske skattelister som ein del av Khalil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 49 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[5]
I 1834 deltok innbyggjarane i Dura i eit opprør mot egyptaren Ibrahim Pasha, som tok over området i 1831 til 1840.
I 1877 fekk løytnant Kitchener nokre gutar i Dura piska etter at dei hadde kasta steinar på eit medlem av Palestine Exploration Fund.[6]
I 1883 vart Dura i «Survey of Western Palestina» skildra som «ein stor og nærande landsby i ei åsside, med ope lende i aust. Sletta vart dyrka med korn. Nord for Dura stod nokre få oliven tre, og andre stod i sør. Husa er av stein. Sør for landsbyen er to Mukamar med kvite kuplar, og i vest, oppafor landsbyen, ligg grava til Neby Nuh. Nær desse ligg det nokre gravholer. Staden er godt forsynt med vatn frå tre kjelder i aust og ei i sør.»[7]
Remove ads
Klima
Klimaet i Dura er tørt om sommaren, men får noko nedbør om vinteren. Årsmiddelnedbøren er kring 500 mm.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads